Velkommen til

Leksvik Forsamlingshus



Forsamlingshuset 100 år (1892-1992)

v/Johannes Hagen

Første gongen det finns skriftleg at det er planer å reise eit møtehus eller forsamlingshus i bygda, er da klokker Hans Strand i 1890 sender søknad til sparebanken i Leksvik om ei gåve på 1000,- kr til reising av eit forsamlingshus. Hans Strand var formann i Leksvik indremisionsforening da. Og det var indremisjonsforeninga som sette i gang bygginga av huset, og har heile tida stått som eigar av det.

Søknaden var føre på forstanderskapsmøte 12.desember 1890. Men det var berre to som støtta søknaden, så det vart ikkje noko å få frå banken. Men styret i indremisjonsforeninga var bestemt på at eit møtehus måtte bygda ha.

Og i styremøte på Ytre Aalberg, hos lensmann Ole Johnsen Aalberg 19.april 1892 vart de einige om å bygge eit hus 25 alen langt, 15 alen breidt, utvendig mål, med inngangsdør i austre enden 2¾ alen brei og 3¾ alen høg. På austre tverrveggen 3 vindauge, to nede og eitt i røste – på sørveggen 4 og på nordveggen 2, alle 3 alen og 4 tommer høge og 2 alen breie. Og på sørveggen ei dør med 2 vindauge på kvar side. Frå inngangsdøra i austenden ein 5 alen lang gang med dør inn til Salen – og med dør inn til kjøkkenet på søre sida av gangen. Over kjøkkenet, gangen og eit lite rom på nordsida av gangen Galleri med trapp opp ved nordveggen inne i Salen. Seinare vart trappa flytte til sørveggen.

Karl Kopreitan gav fri grunn til tomt til huset på det vilkår: At så lenge huset blir brukt til det formål der er tenkt til. Men blir det overtatt av eit anna lag eller institutt som vil bruke det til formål i strid mot gjeldende lov for huset, da blir kontrakten sett ut av kraft og huset dømt til å førast bort.

Styresmennene i byggeåret (1892) var: klokkar Hans Strand, sokneprest Lars Johnsen Wormdahl, lensmann Ole Johnsen Aalberg, bonde Aage Kasper Larssen Winge og lærer og bonde Ludvig Olsen Moholdt.

Ut på sommaren 1892 kom byggearbeidet i gang. Indremisjonsforeninga hadde ein disponibel sum på 450,- kr som de sette i gang arbeidet for.

Det ser ut som det er Edvard Eriksen Hoven som har reist huset (råbygget), for han kjem å vil ha litt pålegg, da huset hadde vorti litt høgere enn plana var. Kor mykje han hadde etter kontrakten og kor mykje tillegg han ville ha har ikkje meg å få greie på.

Men på slutten av 1893 er gjelda på huset om lag 300,- kr.

Om sundagen 20.november 1892 var huset i såpass stand at første samling vart haldi. «Og huset var fyldt til Trængsel», står det. Og 3 dagar etter vart første basar haldi. Men det stod enda att ein god del innreiingsarbeid og anna påkostnad, så det tok fleire år før huset var i full stand.

Så vart det spørsmål om det skulle vera Bedehus eller Forsamlingshus. L. K. Moholdt ville det helst skulle vera forsamlingshus, for utanom skolehusa, var det det einaste møtehuset i hovedsoknet, og eit bedehus hadde litt trongare ramme for møteverksemd enn eit forsamlingshus. Så vedtaket vart Forsamlingshus.

I årsmeldinga frå 1892 skriv styret: «Det store vi, næst ordets Forkyndelse, har at Glæde os ved, udført i aarets løb, er dette Husets Opførelse og saapas Istandsættelse at vi kan bruge det. Da dette ikke er almindelig som ordets Forkyndelse, men noget enestaaende vil Bestyrelsen ikke undlate at pege paa dette og sige «Hidindtil har Herren Hjulpet». Af Foreningens midler er til Huset brugt kr 450,00.

Da tanken om Opførelsen af et saadant Hus fremsattes syntes interessen at være adskillig almindelig, men senere da der skulde skrides til handling, var den betydelig kjølnet. Selv medlemmer af Foreningen, og det ikke var faa, var blevne Modstandere, om ikke just aabenbare, og dette gjorde jo ikke Arbeidet lettere for den som fik det at gjøre.

Nu har vi det staaende lyst, varmt og hyggeligt iblandt os, og nu tror vi at forstaa at fornøyelsen med det er meget almindelig. Vi er viss paa ihvertfald at enhver indremisssions ven er glad i Huset, ogsaa derover glædet Bestyrelsen sig. Det haab som vi udtalte i forrige Aarsberetning om et saadant Hus, er altsaa ikke blevet beskjemmet, og dette ene og alene fordi Herren har hjulpet.

Når vi nu udtaler som vårt visse Haab at den paa Huset hvilende gjeld omtrent kr 450,00, samt det som maa til for at Huset kan settes i fuld standogsaa vil indkomme, saa vil de der oplever næste Aarsmøde, blive baade overreskede og beskjemmede».

I 1894 kom Edvard Hoven med eit nytt krav. Denne gongen ville han ha kr 35,00 for å ha hoggi inn beitskier både i dør- og vindaugsopningar. Han fekk 20,00 kr.

Og statutter for huset vart utarbeidd og godkjent i 1894.

Gjeldfritt er huset i 1901 og 74,00 kr i kassa har de ti år seinare.

Men i 1910 har det vorti ein gjeld på kr 350,00. Korleis det har fått seg til, står ikkje noko om, men det har helst vori ein del reparasjon på huset.

Innlagt elektrisk lys frå Rosvold e-verk i 1913.

Huset fekk i gåve det gamle kirkeorgelet i 1916.

I 1924 var det ein større reparasjon ominnreiing, så utgifta det året var kr 1018,02, inntekta kr 501,27, i kassa frå året før kr 334,41. Så mankoen vart kr 182,34. For å dekke det vart det haldi ein fest.

Ny bordkledning fekk huset i 1927. Det året var inntekta 433,46 kr, og utgifta 326,62 kr, så det vart att i kassa kr 106,64, og det hadde auka til kr 334,46 året etter.

På styremøte i Leksvik indremisjon 26.oktober 1929 vart det vedteki at austre del av nordre vegg paneles, det må vera utvendig. Opphaveleg var vedskjul og det nødvendige avtræde bygd inn til veggen på nordsida av hovedbygningen med skråtak. Det er da rivi og eit frittståande uthus sett opp straks austafor hovedbygningen.

Videre vart det på same styremøte gjort om at døra flyttes til nordre hjørne i kjøkkenet, videre at rør frå vasken legges til stikkrenna i vegen, diverse utlamper blir sett i forsvarleg stand og at det blir kjøpt nye gardiner, og om det let seg gjera å få orgelet i brukbar stand.

I årsmeldinga for 1929 er det opplyst at det som vart vedteki på styremøte 26.oktober vart utført, så nær som kloakken, den vil bli istandsett våren 1930. Attåt dette vart murpipene og omnan rusta opp. På møte i juni 1930 vedtar styret at hovedbygningen og uthuset skal få to strøk måling, ½ linolje og ½ sildolje. Hovedbygningen gul med kvite hjørner og vindskier og raudbrune dører. Uthuset raudt med kvite dører og hjørner og vindskier.

Arbeidet måtte vera ferdig innan 25.juni og ikkje kosta over 140,00 kr.

Andreas Feren tok arbeidet.

Og golvet i Salen måtte reparerast. Katetret få ny mæling og taket bøtast. Det var spontak enda i 1930. Trappa for inngangsdøra støypast. Men det måtte gjerast med gratis arbeid. Inngangsdøra var da midt på sørveggen i Salen. Men støypinga vart først gjort året etter.

Kor mykje dette kosta er ikkje opplyst. Men etter kassaopplaget31/12-29 og inntekta huset hadde i 1930. ser det ut som det er kr 461,50.

I 1931 vart ny vask innsett, kloakkavløp ført til stikkrenna, ny komfyr og vassgryte til kjøkkenet kjøpt.

Kjøkkenet fekk ny måling, ny trapp og portal for kjøkkeninngangen, grøfta langs vegen gjenlagt med stein og pukk, så det vart lettare å komma inn til huset. Oppsett ny mur bak komfyren i kjøkkenet, reparert omnan i Salen, takrenner på uthuset og det elektriske innlegget utbetra. Og så hadde huset fått kokeinnretning for koppar i gåve frå Tuberkulosenevnden. Det ser ut som alt dette har kosta om lag kr 500,-.

Det var sokneprest Th. Hesselberg som var formann i styret desse åra.

Og enda var det ikkje nok.

Huset skulle målast innvendig, skap for koppar setjast opp i kjøkkenet og takrenner på hovedbygningen. Men det er da føyd til: «Dersom økonomien til huset makter det.»

Så blir det fleire år det er lite å finne om Forsamlingshuset. Th. Hesselberg flytta til Trondheim i 1932, og huset var i bra stand både med utstyr og anna, så i 1935 var det kr 635,00 i kassa.

Aaret etter (1936) er det til måling av huset, det må vera innvendig, og utbetring av lysinnlegget brukt kr 500,00.

Ein manko i kassa på 48,00 kr har det vorti i 1938, så noko påkosta er det dette året, men ikkje opplyst kva det er.

Og så kom de lange krigsåra, da det var uråd å få gjort noko med hus og inventar. Okkupasjonsmakta tok alt byggemateriale til militæranlegg og interneringsleirar (fangeleirar). Det einaste positive for Forsamlingshuset i desse åra er at kontantmiddelen aukar, så da fredsåret 1945 går ut er han på 604,40 kr.

Og så hadde vi fred og rådde oss sjølv igjen.

I 1946 vart det gjort storinnsats med å sette huset i betre stand.

Det vart kjøpt inn nye omnar og ny komfyr og kaffekoppar. Ole Lerstad gjorde murarbeidet og innsetting av omnane, for ein rimeleg pris. Sørsida av taket tekt med spon. Arbeidet gjort på duna 25.-26. og 27.september.

Kvinnfolka kom og spanderte rømmegraut, kaffe og kaker.

Litt seinare kom ein 7-8 kvinnfolk og gjorde storvask på huset innvendig, frå tak til golv, 2-3 karar var med og sette opp stillasjer. Rømmegraut, kaffe og kaker vart servert også da. Medlemmer av Mannskoret måla golva.

Om meste av arbeidet vart gjort gratis, måtte takspon, måling, omnar, komfyr, koppar m.m. kjøpast, så det var spørsmål om pengar. Derfor gjekk Indremisjonen og Mannskoret saman om ein fest våren 1946 som gav kr 984,13 i netto, og Ytterbygda indremisjon fekk inn kr 301,00 på utloddning. Så da året var omme hadde huset kr 492,70 i kassa, trass i alt som var kosta på i året.

1947 blir loft, vegger og golv i kjøkkenet måla og kokekar for koppkoking innkjøpt. Året etter 100 par kaffekoppar.

Ein del reperasjon på huset er gjort i -49. Økonomien ser ut til å vera god alle desse og de næraste åra.

I 1950 blir det kjøpt inn 2 lyskroner og ein 15 liters kaffekjel, og den gamle får ny fortinning. Det året kosta Mannskoret måling på golvet i Lillesalen og kjøkkenet.

Året etter må atter lysinnlegget utbetrast, vassleidningen skiftast og øks og sag til vedskjulet kjøpast.

I 1953 blir det gamle kirkeorgelet, som huset har havt, gjevi som gåve til Dalbygda bedehus. Og nytt orgel kjøpt frå Torkilsen orgelfabrikk i Aasen, prisen var kr 975,00. Huset fekk da ein gave, til orgelkjøpet, frå Indremisionen på kr 181,30.

Jakob og Anna Melting vart i 1954 tilsett til å ha ansvar for reinhald og opptenning, så leiga for huset vart pålagt 15,00 kr for kvar tilstellning i Storsalen.

Elles er det litt måling av golva og bøting av spontaket kvart år.

Men så på styremøte for huset 21.april 1956 vart det gjort vedtak om ein større utbygging av Forsamlingshuset.

Ei byggenemnd til å taka seg av arbeidet vart valt. Nemnda var: Elias Grande, Kristian Hønnåshagen, Konrad Saghaug og Arthur Svendsen. Men Arthur Svendsen vart sjuk og døde året etter, så Anna Grande kom med i nemnda i hans stad.

I gåve til byggearbeidet gjev Indremisjonen i 1956 kr 200,00 og året etter kr 865,00. Leksviklagets vegkomite i Trondheim kr 100,00. I alt til byggearbeidet kom det inn kr 5000,00. Og 45 m3 tømmer vart og gjevi.

I kassa og bank hadde huset 31/12 1956 kr 2140,22. Arbeidet med utviding og modernisering vart sett i gang i 1957.

Huset vart forlenga 5 meter austover, gravi ut kjellar til vedbu og toiletter, Storsalen blir som før, Lillesalen blir forlenga og kjøkkenet flytta til søraustre hjørne i tilbygget.

Inngangsdøra på sørveggen i Storsalen blir klædd att, og døra flytta så det gamle kjøkkenet blir hovedinngang. Frå denne blir det dør inn til både Storsalen, Litlsalen og kjøkkenet. Garderobe i andre høgda med trapp opp frå gangen og dør frå garderoben inn til Galleriet. Trapp ned i kjellaren frå gangen. Nye golv overalt. Trappa i Storsalen opp til Galleriet vart fjerna. Nytt tak på heile huset. Uthuset var rivi. Arbeidet sett bort til Strandstad snekkarfabrikk som kom i gang med arbeidet siste del i juli 1957. Og når jula kom kunne juletrefestane haldast der. Noko arbeid stod enda att, det meste i kjellaren.

De gamle benkene vart skifta ut med stolar. 300 stabelstolar vart innkjøpte, prisen var kr 30,85 for stolen.

Heile restaureringa kom på kr 67263,59. Gjelden på huset var i 1958 kr 45000,00 i alt. Av den lån i Leksvik sparebank kr 20000,00. Enda på femtitalet var kr 45000,00 ein dryg gjeld. Og det var dem so tykte det var slegi for stort på, men det gjekk utruleg godt for husstyret å få huset gjeldfritt. Når 3 år var gjelden nede i 28000,00 kr, og når året 1966 går mot slutten er Forsamlingshuset gjeldfritt. Det vart haldi husbasar kvart år som gav fleire tusen i netto, og indremisjonen stødde og til kvart år med større pengegaver. Og så at Fjellbygdskolen leigde Litlsalen 2 vintrar i dette tidsrommet gav huset ein god attåtskilling.

Huset er da i så god stand at det i fleire år er lite utlegg til vedlikehald, berre litt måling no og da.

75 par kaffekoppar vart innkjøpt i 1965, og komfyren i kjøkkenet skifta ut med ein ny.

Vatn hadde huset frå Myrakjølla, men i 1970 vart det gått over til Leksvik vassverk. Samme året utbetring av grunnmuren, oppussing av kjøkken og anretning, ny kokplate, koppkokar og nye brødfat, og enda ein del ting til, så det året viser rekneskapen ein manko på kr 2000,00.

I 1973 får huset kr 500,00 i gåve til nytt kjøkkenutstyr frå Leksvik helselag. Og samme året vart det gått frå vedfyring til elektrisk oppvarming, så vedbua i kjellaren vart ledig og seinare ombygd til garderobe.

1975 er det nytt tilbygg på austenden av huset, Spareskillingsbanken gir 500,00 kr og 1000,00 kr i kulturmidler fekk huset til dette bygget. Og da tok gavene til å strøyme inn. Fleire skogeigarar gav tømmer, saging gratis, skap, komfyr, kjøkkenbenk, benk med fjøl og skuffe alt gåve. Klæhenge og speil til den nye inngangen og speil til det nye toilettet var også gåve.

Men så synte det seg, etter nærare ettersyn, at golva i begge salane trengte fornying. Da styret hadde gjort overslag over kostnaden, fekk de kalde føter og tvilte på at det let seg gjera og taka alt på ein gong. Men sokneprest Thorbergsen var optimist og meinte at med festar og innsamling ville det gå.

Og på lister kom det inn kr 12825,00, og festen den 11.september 1975 kom ut med kr 11830,50. Konrad Saghaug og Isak Selli tok arbeidet og kom i gang med det ut på haustparten. Og fleire var der og hjelpte til med arbeid utan vederlag. Kor mykje dette kosta i penge utlegg er ikkje opplyst noko om. Skifting av 2 vindauge i Litlsalen og svil på taket og ny takstågå i 1978.

Aaret etter ein større reparasjon innvendig som vart finansiert av frivillige pengegaver og det indremisjonen stødde til. Det vart millom anna sett opp ny murpipe, lagt isolasjon i tak og vegger og panel i Storsalen. Noko av arbeidet vart gjort på dugnad.

Oskar Bergsaune frå Rissa måla bildet på vestveggen i Storsalen i 1980.

I -85 vart garderoben og klosetta i kjellaren sett istand. Galleriet og garderoberommet i andre høgda vart sett i stand til ei loftstue i 1987.

Ingrid Grande hadde bestemt at det som vart gjevi til gravferda hennar skulle Forsamlingshuset få. Ho døde i mars 1989, og gåva var kr 9760,00. For dette vart kjøpt kaffekoppar, middagsservise og ein del andre ting for servering.

Aleksander Kruken, som og døde same året, bestemte at kr 10000,00 av middelen hans skulle Forsamlingshuset ha. For desse pengane vart vassklosettet for rullestolbrukarar istandsett. Trapp for rullestol oppsett utvendig året før. Attåt dette vart det av lag, foreningar og privatpersonar gjevi større og mindre pengesummar så i 1989 fekk huset i alt kr 39160 i gåve.

Og kvart år er huset hugsa med gaver. Samv.laget, Lions Club, Ola Sve og I. og D. Feren gav tilsammen kr 8000,00 i 1990, og andre 700,00 kr.

Aaret etter (-91) har to søstre gjevi 10000,00 kr og andre kr 5050,00 i alt 15050,00 kr.

Og i de 10 første månadene i 1992 har det kommi inn kr 4300,00 i gaver.

Parkeringsplassen vart utvida i 1990. Og frå Lycro var 100 stolar kjøpt, prisen var kr 80,00 for stolen.

Og så har Forsamlingshuset stått her – midt i Blankbygda – som eit ånds- og kultursenter gjennom eitt hundre år. Hit har folk kommi for å finne trøyst og rettleiing frå Bøkernes bok, og fått med seg ein åndeleg ballast på livsvegen. Og hit har de kommi for å samtale om meir jordnære ting.

Og her har de samlast om ideelle saker, misjonsarbeid, avhaldssak, ungdomsarbeid og enda fleire hugmål i de tusenvis av sammenkomster i husets hundreårige historie. Ja, her har det stått til åndskveik for folket i vår fagre heimbygd.

Handskrevet av Johannes Hagen til 100-årsjubileet i 1992.

«Digitalisert» av Knut Kruken mars 2018